MENY

Arnafjord

Evangelisering i Arnafjord.

Publisert: 21. oktober 2020 06:28
Kategori: Evangelisering

Arnafjord er ein fjordarm i Sognefjorden med ca 140 innbyggjarar. Her har det tidlegare vore eit aktivt bedehus, men der har det ikkje vore aktivitet sidan starten på 2000 talet.

Difor var det kanskje på tide at ordet om Jesus kom til Arnafjord at. Det var heilt blikkstille, så lyden frå megafonen vart høyrande i heile Valsvik og store delar av Arnafjord. Etterpå fekk ein lov å leggje at vitnesbyrd på den lokale nærbutikken.

Gud velsigne Arnafjord!


Skrive av: Lars K. Hansen

Lat att


Del via: